STRAKS BYGGJEKLART OG PROSJEKTLEIAR PÅ PLASS

Med alt det formelle straks på plass og to millionar kroner ekstra i spelemidlar, er det nå berre dagar før gravemaskinane kan begynna på tomta til Suldal Bad på Eide.

Frå Suldalsposten, 14. september

Alle formalitetar er i praksis på plass, meiner utbyggingssjef Lauritz Lauritzen i Suldal kommune, som seier det nå berre er namnetrekka som manglar på dei respektive kontraktane.

Samtlege av dei tekniske faga som vassbehandling, ventilasjon og røyr/varme, må ha sine igangsetjingsløyve, og dei reknar Lauritzen med føreligg i løpet av denne eller tidleg neste veke. Utbyggingssjefen er høyrbart oppglødd for å kunna starta eit prosjekt der prikken over i´ane ligg inne. Utandørskulpen med utsikt over fjorden og fjella er framleis med, og endå ligg det inne at det er stål som skal vera materialet i den store sklia.

– Kulpen var ein opsjon i forprosjektet, men den var med i anbodet, me ønskjer å behalda den. Tenk å sitja ute med snø i håret og bada, det ville vore synd å droppa noko slikt, kommenterer utbyggingssjefen.

 

Kaare-Vaage

Det som også er klart er at prosjektleiaren heiter Kåre Våge. Han høyrer heime i Sandnes-firmaet Prosjektil som er kommunens nye leverandør av prosjektog byggjeleiing.

Til Suldalsposten seier Våge denne veka at han frå start av både skal ta seg av prosjekt-og byggjeleiar-rolla, etterkvart vil ein annan i firmaet bli peikt ut til å ta seg av byggjeleiar-jobben.

– Eit spennande prosjekt og eit flott bygg, kommenterer Våge, som på ingen måte er førstereisgut i basseng og bad. Han har vore byggjeleiar på symjehallane i Kvernevik og Hundvåg i Stavanger, og på nybygget på utandørsbassenget Gamlingen, også det i byen.

– Det som er det spesielle med Suldal er at mange ulike spennande funksjonar skal inn, tanken om folkebad og brei appell er kjekt, meiner Våge.

Del gjerne:

Start typing and press Enter to search