Nå blir det byhus på Bryne

Fra Jærbladet, 16.12.2018

I desember 2017 ga utval for lokal utvikling tommelen opp til eit planlagt byggeprosjekt i Hetlandsgata på Bryne. Like ved Bryne vidaregåande skule skal det byggast fem «byhus» og sju leilegheiter.

Prosjektet har gått ein full runde i det politiske systemet, og torsdag kunne kommunestyret samrøystes gi si godkjenning.

Prosjektil Areal AS fremja forslaget om detaljregulering på vegne av Tomtespesialisten AS. Sjo Fasting arkitekter har mellom anna vist til at såkalla «townhouses», eller byhus på norsk, er ei typisk bustadform i mange europeiske byar. Dei er kanskje mest kjende frå England.

«Byhus er ikke en tradisjonell boligtype på Bryne, og vi mener dette kan være et utmerket tilskudd til utviklingen av Bryne som by», understreka arkitektane.

Rådmannen si vurdering er at planforslaget er godt gjennomarbeidd og har gode løysingar.

«Prosjektet viser at det er mulig å bygge tett med variert bebyggelse», konkluderte rådmannen og tilrådde at kommunestyret godkjente planen. Noko dei altså gjorde.

Del gjerne:
Les også:

Skriv inn og trykk Enter for å søke